Tilbake
Sitering
Kort referanse
Vettlanda kyrkjespir. Norske sagn, ID 52998. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52998
Utvidet referanse
Vettlanda kyrkjespir. Norske sagn, ID 52998. ML category: ml5005 (Skyss med troll (Blessomsagnet)). Informant: Berit Jakopsdotter Øydgarden, f. 1856, d. 1946. Collector: Knut Hermundstad. Place: Nord-Aurdal. County: Oppland. Archive signature: NFL 75, s. 37f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52998 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52998/
Vettlanda kyrkjespir
NORSK ORIGINAL
Vettlanda kyrkjespir.
Ein gong var det ein bonde frå Skrautvøl som hadde
vore i byen på handel. So selde han ut alt han hadde
med heimanfrå, ogso hesten. Han gjekk no der i byen
og ynskte seg fylgje heim. Då kom det ein framandkar
akande i ein fin spisslede, og han sa at han skulde til
Valdres. Det vert råd til å få fylgje, let han. Skraut-
vøls-mannen sette seg på bak, og i vegen bar det fortare
enn fort gjennom lause lufti!
Då dei kom eit stykke, singla det noko for hestehøvene.
Då spurde Skrautvøls-mannen:
"Nei, ko va detta?"
Då svara skysskaren til:
"Detta va Vettlanda kyrkjespir, som me subba inni!"
So køyrde dei inn til Mello. Og no slapp Skrautvøls-
mannen vera med lenger. Og det var han nok glad for.
Det hadde gått i fortaste laget.