Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Trolli i Mella var so vidfarandes. Sume var jamvel i "byen". Um det var han Kristen Melle denne soga talar um, skal eg ikkje seia for visst: Ein gong var ein mann or Køllstadbygd'n i byen. Det var til og med jole-eftan. Som han gjekk og reika etter gatone, råkte han på ein mann, som spurde han kvar han åtte heime. Ja, han fekk då vita det. "Vil du 'kji heim te jol, då?" spurde framandkaren. "Jau, e vil nokk gjedne," sa Køllstad-man'n, "men no li de so nemme inn på jol at de e urå." Dermed sa han det, framandkaren: "Vil du fulji me, so ska du nokk koma heim." Ja, det var Køllstad-mannen huga til. Kva slag køyregreide mannen hadde, er ikkje umgjete. Kor- leis det gjekk på ferdi, la han ikkje større merke til. Men fort fór dei, for det vart dugeleg kaldt med dei var på vegen. Då dei hadde fare ei rid, stana framandkaren skyssen og spurde um Køllstad-mannen kjende seg. "Jau," sa mannen, "de e no rå te å kjenne se i si eie bygd." Då var dei ova Køllstadbygde. Køllstad-mannen takka for skyssen, og so køyrde mannen vidare. Men um litt høyrde Køll- stad-mannen ein fæl rammel. Han såg seg attende. Då vart det slege upp ei svær dør i Mella. Han såg ogso kost det lyste der. Då skjønte han kven som hadde vore skysskaren hans.
Informasjonom sagnet og kilden