Tilbake
Sitering
Kort referanse
Ei segn. Norske sagn, ID 53000. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53000
Utvidet referanse
Ei segn. Norske sagn, ID 53000. ML category: ml5090 (Kone av huldreætt). Collector: Moltke Moe. Place: Torpa. County: Oppland. Archive signature: NFS Moltke Moe 101, s. 13f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53000 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53000/
Ei segn.
NORSK ORIGINAL
Ei segn.
Det var um hausten, dei skulde flutte heim frå ei sæter i Vallers. Sætri heite Starslia[?]. Sonen på garden, som åtte sætri, var au uppkomi og skulde hjelpa til med heimfluttningi. Det skulde ikkje vera brådt frit fyr haugfolk på den sætri; men guten han var no ikkje slik, han trudde på nokot slikt fanteri. Difyre vardt han hugad til å læggja seg att på sætri um notti, etter at dei andre vora heimreiste. Han kunde då, meinte han, få sjå, korleids det hekk saman med denna trui på, at det skulde vera haugfolk der, elder, som han tænkte hos sig sjølv: han kunde då få sjå, at der ikkje nokon haugfolk var. Han lagde seg på golvet og kvælvte ystepanna yver seg. Korleids det no var elder ikkje var, so kom der, då det leid ut på notti, inn ei heil horg med haugfolk likavel, og ei av deira jentor flaug trast stad og lettade på panna, som guten låg unner. Han skjynad trast greidt, at der no laut vera galet på ferda, greip tollekniven sin fyr å kaste stål yver seg men gjorde eit stygt mistak, ved han kastade stål yver jenta istadenfyre yver seg sjølv. Då steig haugkjærringi sjølv, moder hennar, fram og sagde ved honom, at no hadde han kastad stål yver henne, og då laut han ogso hava henne. Hermed so kom dei burt att denna gongen. Guten reiste no heim dagen etter og hugade ikkje detta meire, då han ikkje brydde seg um slik fanteskap. Men ein dag, då han stod i smidjun og smidde, kom haugkjærringi att åt honom; ho greip no ein hestesko, som låg i smidjuavln og var gloande raud, vreid han um millom fingrarne sine og sagde åt guten, at soleids vardt ho og gjerande med honom, um han ikkje vilde taka dotter hennar, som han hadde kastad stål yver. Men vilde han taka henne, so skulde ho i brurgåva få ei mengd med kjyr; åt deim skulde han inngjerde ei kve fyre seg sjølv, og ho skulde vera dyktug stor, og:
"Ikkje skulde han byte,
og ikkje skulde han selja
men drepa og ælja".
Eit megtugt avkom skulde han få, og det skulde standa godt ved lag til i niande led; då skulde det døy ut. Det var ingi onnor råd fyre det; guten laut no taka henne han, kor nauleg han vilde; han torde ikkje annat, kan ein nog skjyna. Jenta kom, og dei vordo vigde; men då vigsla var yver, og dei skulde reise heim att frå kjyrkja fekk han sjå, at ho hadde ei rova. Var han uhyggjeleg tilsinns fyrr, so vardt han det vel um meire no, kan ein vita; men det som var gjort, kunde helder ikkje no gjeras ugjort att; han hadde no alt bunnet seg atåt henne på tvo måtar og laut soleids hava henne, um ho so hadde haft både horn og klør.
Bølingen, som var utlovad i brurgåva, vardt ikkje lengje saknad. Ei heil mengd med store, staute, brandete kjyr kjem ein dag tilgards. Fyrst gjeng bjøllkui; ho er større og stautare enn dei andre og med sylvklåve på. Mjølkebytta med sylvgjyrdir bar ho på horni. Dei gjekk like burtåt kvei og vordo innsleppte, og dei trivdes godt, likesom haugkjærringi hadde lovad.
Med guten og haugjenta gjekk det betre enn ein skulde trud. Moder hennar hadde sagt ved honom, at han laut vera snill ved henne, og det var han ogso. Ho skauds på folket sit i å vera stridsinnt og av eit hardt gjimett. Difyre laut han laga seg vel, so ikkje nokot gjekk henne imot. Dei fekk ei heil horg med born; men ingen av dei hadde rova som deira moder. Fleire av dei vardt "klokare" enn ålmennelege folk, so dei skulde kunna litet meire enn "fadervåret sit". Ætti er no mesta utdøyd, truleg fyredi det alt no er yver det niande led; men det segjes dog, at der enno skal finnst att leivingar av henne bådde i Vallers og dei kringumliggjande bygdir.