Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Det var ei sæterbudeie som låg åleine i Sørsåsen (Våler). Då kom ein kar og vilde ligge med henne. Ho slo han ifrå seg; for ho skyna det var ein bergkall. Men so segjer ho: "Det er ein bergokse her som rid på eine kua mi. Kva skal eg gjera for å bli kvitt han?" "Det skal eg segja deg", sa bergkallen, "du skal ta tysbast og vivang og det tredje eg ikkje nemne kan, og detta skal du røyke kua med". Gjenta skyna at den planta han ikkje kunde nemna var marihand (Marias hand). Ho plukka blomane, og røykte seg sjølv for å bli kvitt kallen. Andre torsdagskvelden kom han att, men då ropa han: "Fy, som du narra meg!" Sidan var ho kvitt han.
Informasjonom sagnet og kilden