Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Paa ein støyle som heitte Skjenan, paa Granlidheid, lagde ein gut fraa Vassenden i Høydalsmo seg til ei natt, etterat dei var flutt heim med buskapen um hausten. Han vilde sjaa um det var sannt at dei underjordiske flutte inn paa støylen med feet sitt. Daa guten hadde lege ei stund utyver natti, kom der ei stor buferd inn paa støylsvollen, og fyre gjekk ei ven gjente og lokka. Guten tok kniven sin og kasta yver gjenta. Daa sa ho: "Ja no høyrer eg deg til. No gjeld det berre um du vil vera snild med meg, elles kan det koma til aa gaa gali med deg, for du maa vita at eg er fælt sterk". Ho vart ei bra kona; men mannen fekk ikkje lov til aa koma inn i fjoset heile vinteren. Naar ei ku kalva, so slagta kona kalven med det same. Um vaaren, daa mannen endeleg fekk lov til aa koma inn i fjoset, vart han ikkje liti undren yver aa sjaa at der var ein livande kalv for kvar ein som kona hadde slagta. Daa mannen nemnde at han tykte dette var rart, sa kona: "Naar ei kyr kalvar, so hev ho jamt tvillingar, men den eine kalven tek huldrane. Men daa eg, som du veit, er av same folket so fekk eg lov til aa hava begge kalvane". Det høvde av og til at folk minna Vassendmannen um at han var gift med ei huldr. Eingong han var drukken, minde han kona si um at ho var av huldreætt. Dagen etter stod han i smidja. Daa kom kona etter og tok ein gloande hestesko or lisa med berre hendane, og ho retta skoen ut og bøygde den i hop att, medan ho sa: "No ser du kva eg kunne gjera med deg um eg berre vilde". Sidan den dagen vaaga aldri mannen aa nemna meire um sovore.
Informasjonom sagnet og kilden