Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53288. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53288
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53288. ML category: ml6000 (Nærsøken huldrekar (tussefrier)). Informant: Ola Dalshagen. Collector: Knut Hermundstad. Place: Nord-Aurdal. County: Oppland. Year: 1931. Archive signature: NFS Knut Hermundstad 1, s. 26. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53288 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53288/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det gaar ei gamal soge te fraa Søre Øygarden. Ho heitte Berit den som det no er forteljing um.
Ho laag paa fjøshjellen og passa ei ku som skulde kalve. So kjem det ein kveld ein fin kar inn te henne, ein friar. Men denne kjende ikkje ho. So vilde ho vita kvar han var i frå. Dermed tok han utor det glugget som var i fjøset og sa:
"Sjaa her ska du sjå. E er ikkje langt her i fraa, e!"
Daa gjenta saag gjenom glugget, laag det ein fin gard der ute. Og alt var so blankt og fint. Det rann vatn i nokre bekjar, saag ho, og dei var taa massing. Daa skyna gjenta kva kar ho var komi saman med. Dermed spør ho han:
"Kann du seia meg noko? Ho mor har ei kyr, so har lagt elsk paa ein haugaukse. Ko ska ho ha paa henne, so ho ikkje ska gjera det". –
"Ho ska ta marihand, vivank og det svarte so or tree renn, og ha paa henne so bryr 'n se ikkje um henne", sa 'n.
Ho Berit tok det og hadde det paa seg sjølv, ho. So kom friaren att. Daa sa 'n:
"Tvi vørte de, at du me narra! Den du faar", sa 'n, "han et upp baade sløt o feste. De bli ikkje menne me dikkan", sa 'n.
Ho Berit vart gift på garden Rennud'n, og det vart som haugakar'n sa det, fant og fatigdom med dei. Dette er skilleg sant. Det er so langt tebake sidan dette hende, so eg trur det var farsyste hans bestefar som vart ute for det.