Tilbake

Huldra

NORSK ORIGINAL

Huldra. Det var ein gong ein mann som trefte til å få sjå ei hulder, og noe så vakkert skulle ein leite lenge etter, så mannen vart reint forgapa i a. Han kom i prat med a, og ville endelig at ho skulle gifte seg med 'n. Da sa ho at han fekk møte henne på samma stellet neste torsdagskvelden og kaste stål over a. Det gjorde mannen, og så var ho hans og vart med 'n heim. Med tida gikk det ikke betre enn at mannen tok til å drikke og vart slem mot a. Så ein dag han dreiv i smia og smidde, kom "kona" og så til 'n. Han dreiv akkurat på med å smi hesteskor, og greip det gloheite jernet med smitanga. Da spurde ho hå det var han sto og dakla med. Han svara at det trengte ikke ho legge nasan sin borti, men se åt å ha seg inn att. Da greip ho det gloraue jernet med berre nevan og bøygde det ihop som til ein hestesko. Dermed kasta ho det frå seg og gikk. Han snudde seg etter a i det samma, og da så han huldrerumpa nedafor stakk-kanten hennes.
Informasjonom sagnet og kilden