Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Ein gut vilde syna at det ikkje beid hulderfolk. Etter bufora drog han te fjells og la seg i eit sel. Um ei rid kom det ein skokk med hulderfolk og tok te spela og dansa. Ei gjenta var burti guten vilde pirast med honom. Drog han då kniven og hogg te 'ne. Då stogga leiken, og alle kringa seg um guten og skreik: "Ha du merkt hinne, so fær du ha 'ne!" Guten sprang te dørar og heim; men då han nådde tunet, var gjenta der og. So totte han at han laut gifta seg med henne. Fyrst presten nemnde gudsordi, datt rumpa tå, og dei levde sidan lenge og lukkeleg i hop.
Informasjonom sagnet og kilden