Tilbake
Sitering
Kort referanse
Hulder. Norske sagn, ID 53013. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53013
Utvidet referanse
Hulder. Norske sagn, ID 53013. ML category: ml5090 (Kone av huldreætt). Informant: Karen Dimna. Collector: Martin Bjørndal. Place: Ørsta. County: Møre og Romsdal. Year: 1921. Archive signature: NFS Martin Bjørndal 2, s. 89ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53013 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53013/
Hulder.
NORSK ORIGINAL
Hulder.
Ein gut frå Ørsta var på jakt i Nupadalen. Det var seinhaustes. Leid på kvelden gjekk han inn på ei seter der. Han åt av nista og la seg so i senga.
Rett som det var kom der inn ei gamal kone. Ho bar ei full mjølkebøtte. So tok ho fram ringjer og skåler og sila mjølka i dei og sette på hyllene i selet.
Medan gamlekona stulla med dette kom dotter hennar inn. Det var ei ung, ven gjente. Ho bar ein langeleik. So sette ho seg i benken framanfor senga der guten låg. No tok ho til å spela og syngja. Guten tykte han aldri hadde høyrt so ven song og slikt tryllande spel før. Gjenta flytte seg nærmare og nærmare senga medan ho spela. Guten låg lenge og høyrde på spelet.
Men so vart han vill. Han treiv kniven or slira og kasta den over hovudet hennar. Gjenta vart som nåma. Men gamle-mor ropte: "Ja, no fær du ha det som du hev gjort det til!" So strauk ho på dør.
Men gjenta sat att. Guten tok henne med seg heim og gifte seg med henne.
Då brudlaupet skulde stå, sa gjenta at to rom i huset skulde stå ledige, då foreldra hennar vilde ha dei; men ingen fekk sjå dei.
Brudlaupsmorgonen stod to blårosete kyr ute på tunet. Det var bruda si heimanfylgje. Og då bollen gjekk rundt bordet so gjestene fekk gi sine skålegåver var der komen ein hundraddalarsetel i skåla.
Elling Samuelsen Dimna i Ulstein ætta frå Ørsta. Han hadde alltid blårosete kyr. Han sa dei ætta frå huldrekyrne åt oldemor hans.