Tilbake
Sitering
Kort referanse
Valdrisen som vart gift med huldra. Norske sagn, ID 53016. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53016
Utvidet referanse
Valdrisen som vart gift med huldra. Norske sagn, ID 53016. ML category: ml5090 (Kone av huldreætt). Collector: Jakob Andr. Samuelsen. Place: Modum. County: Buskerud. Year: 1928. Archive signature: NFS Jakob Andr. Samuelsen 6, s. 27f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53016 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53016/
Valdrisen som vart gift med huldra.
NORSK ORIGINAL
Valdrisen som vart gift med huldra.
Det var nokon gutar frå Valdris som skulde av og fri.
Dei låg på setra og skulde hogge bjelker. Dei kom til dei underjordiske, og den eine skulde få dottera til sjølve gubben. Gutten sa at han skulde ta 'a var so til ho vilde la seg døype.
Det gjekk dei med på, og so snart gjenta var døypt datt rova av 'a. Då dei vart gifte og flutte heim dreiv ho og stridde med at han skulde gjerde grindar til heimebølingen hennar. Dette drogst ut og eingong han var i smia og smidde hesteskor kom ho og tok ein raud hestesko og retta 'n og so sa ho at dersom han no ikkj gjerdte skulde ho gjera ved han som ho hadde gjort ved hestskoen. Då tolde han ikkje anna enn han gjerdte og so kom heimegifte hennar.
Det var sauer og geiter og krøtter, og bjellekua kom med mjelkeringa på hornet og då sa det: "Du skal elja og drepa men ikkje selja".
Det skal liva folk av denna etta enno. Dei skal ha berre tri leer på fingrane.