Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53014. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53014
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53014. ML category: ml5090 (Kone av huldreætt). Collector: Sjur Bøyum. Place: Veitestrand. County: Sogn og Fjordane. Year: 1932. Archive signature: NFS Sjur Bøyum 4,B, s. 5. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53014 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53014/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det var eingong ein mann som var gift med eit huldrekvinnfolk. Han dengde henne ofte, og for kvar gong sette ho ein strek i låvadøri. Han hadde gøymt huldrehatten hennar i kista si, men meiner du ikkje ungane hadde funne lykelen ein dag og set hatten! Dei gjekk til mori og fortalde dette. Då reiste ho nedi smia til mannen, tok ein kald hestasko, rette han ut med nevane og sa: "Tvi vøre deg, kå va du for meg erso eg vilde". So tok ho han med åt låvadøri og viste han kor mange vendor han hadde jult henne, tok so på seg huldrehatten, og synte seg aldri meir.