Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Det var eingong ei huldregjente som var so traa etter ein kar, aa helt seg etter honom baade titt og ofte. Men karen brydde seg ikkje noko om paahænge hennar, aa let henne forstaa at han brydde seg ikkje søfta om henne. Men likekjukt kom ho til honom aa vilde hava honom, so ho var ikkje vevøræ den tytta. So ein dag staar denne karen i smidja aa vøler paa noko reidskap. Best han staar slik aa bankar aa smedar, står huldregjenta i smiedøra aa gjer seg smeikjen for honom. Men no vart han eitrande galen for dette paahenge av henne, tek so aa stik kalspaden i den logande eldmørja, faar ein retteleg glodunge paa spaden aa kastar den rett i glaninga paa gjenta. No vart det ein annan laat i bjølla. Huldretausa vart styggeleg brend i annlete aa svei gjorde det so ho set i aa gaula rett oppøve seg. No var ho ikkje blid lenger. "Slik som annlete mit vart øydelagt av deg, slik skal og dine born verta i sine annlet", skrik ho. Slik vart det og. Borna til denne mannen vart stygge aa fulle av saar aa skurve i hovude. Slik hemna huldregjenta seg paa mannen fordi han for so stygt med henne.
Informasjonom sagnet og kilden