Tilbake
Sitering
Kort referanse
Han gifte seg med ei hulder. Norske sagn, ID 53021. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53021
Utvidet referanse
Han gifte seg med ei hulder. Norske sagn, ID 53021. ML category: ml5090 (Kone av huldreætt). Collector: Knut Strompdal. Place: Vega. County: Nordland. Archive signature: NFL 19, s. 148. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53021 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53021/
Han gifte seg med ei hulder
NORSK ORIGINAL
Han gifte seg med ei hulder.
På Nes på Vega brukte dei å dansa på ein låve i jula. Ein-
gong på ein dans kom det inn to framandgjentor. Dei andre
tenkte helst at dei var frå Tjøttaøyane, men dei undra seg likevel
over at dei ikkje kjende dei. Så var det ein glunt som lurde seg
til å rispa den eine i øyra. Då ropa ho over seg at ho var den
mest ulykkelege på jord, for no fekk ho ikkje fara til sine eigne
meir. Men den andre gjenta ho vart usynleg med det same. Det
er så med hulderfolket, at blir det rist blod ut på dei av eit kri-
ste menneske, så får dei ikkje koma til sine eigne meir. Då glun-
ten gjekk heim om kvelden, fylgde huldra etter honom og spurde
honom kva han no vilde gjera med henne. No hadde han rist
blod ut på henne, så no fekk ho ikkje koma til sine eigne meir.
Han lova då at han skulde gifta seg med henne, om ho då på
si sida vilde lova å halda seg usynleg. Det lova ho, og dei vart
gifte.
Den første tida etterat dei kom saman, var han blid og snild
mot henne, men sidan vart han meir vrang og vranten av seg.
Så eingong han stod i smia og smidde nokre styrehakar, kom
ho ut og sa at han måtte koma inn og eta. Han svara litt tvert,
at ho kunde berre eta, han skulde alltid koma. Då kom ho inn
i smia til honom. Og då ho såg at han i avlen ha' eit jarnstykke
som han heldt på å gjera raudt for å hogga det av på smiestedet,
så spurde ho honom om det var såleis han bar seg åt i smia.
Då bar far hennar seg langt annleis åt. Ho skulde visa honom
det, om han vilde. Og så tok ho ei jarnstong på tjukkleik som
ein mannearm og braut ho av stykke for stykke. Då vart mannen
skræmd, og han torde ikkje anna enn vera snild med henne etter
den dag.