Tilbake
Sitering
Kort referanse
Drepe og elje. Norske sagn, ID 53035. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53035
Utvidet referanse
Drepe og elje. Norske sagn, ID 53035. ML category: ml5090 (Kone av huldreætt). Informant: Guri Finnset. Collector: Olav Rekdal. Place: Nesset, Eikesdalen. County: Møre og Romsdal. Year: 1923. Archive signature: NFL 30, s. 71f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53035 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53035/
Drepe og elje
NORSK ORIGINAL
Drepe og elje
Det var her sør på landet ein stad at eit huldrekvinn-
folk var so påståeleg og vilde ha ein jordagut. Mor hennar
var med ho au og baud ho fram. Og det vart no slik at hul-
dra vart gift på garden.
Når dei var gift då og ho skulde flytte til, vilde ho ha
mannen til å gjerde ei kvi. Men han lest ikkje høyre.
"I veit ikkje kva mæ ska me kvi'n, når me ikkje he
nåkkå te å ha inni ho" - sa'n.
Men so ein dag mannen stod borti smidja og smidde,
kom ho og vilde ha han til å gjere istand denna kvia att.
Men han var like tverr og vilde ikkje det. Då treiv ho he-
steskoen uti avlen og benda han vekk, og lovde på, at slik
skulde ho gjere med honom au vist han ikkje gjorde slik
som ho sa.
Ja so laut mannen gjerde kvia. Men han gjorde ho so
lita som han kunde.
Med det same kvia var ferdig og han hadde fått ti le-
det, so kom det ein heil buskap med kyr og uksar og ung-
krøter. Bjøllkua kom først med mjølkebytta på hornom. Og
på ei lita rid var kvia alldeles fyllt. Då høyrde mannen at
det ropte:
"Drepe og elje! men ikkje selje! å de ska ikkje fattast
de rikdom å visdom te niande led. - Du kunn gjort kvia
støre, so skull du fått meir."
- Han far var på den garden og sauma sko, han. Der
var det ei gamal kone då. Ho skulde vere den siste i niande
led av slekta, etter hulderkona. Ho var vis, og kunde gjere
godt att for sjukdomar. - Det kjem framandt i dag, sa ho
ein gong. Og om ei stund kom det inn ein mann og spurde
ho til råds for barnet sitt som låg sjukt. Ho fekk eit klæ-
plagg som høyrde barnet til, og kjende på det inni hende-
ne sine.
"Bane e dø før du, kjem heim" - sa ho.
Han far bad mannen til sides og bad om å få vite kor-
leis det gjekk. 0g det gjekk slik som kona sa.
Den mjølkebytta som hulderkua kom med, skulde vere
der på garden enno.