Tilbake
Sitering
Kort referanse
Eit huldreekteskap. Norske sagn, ID 53026. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53026
Utvidet referanse
Eit huldreekteskap. Norske sagn, ID 53026. ML category: ml5090 (Kone av huldreætt). Collector: Tor Skiftun. Place: Sauda. County: Rogaland. Year: 1930. Archive signature: NFS Tor Skiftun 8, s. 45f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53026 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53026/
Eit huldreekteskap.
NORSK ORIGINAL
Eit huldreekteskap.
Som me veit var det allstøtt so at når folk flytta heim av stølen, flytta hullone in. So var det eit år på Seim. Dei hadde ein dreng som var so framifrå forveden. Vilde støtt kikka og sjå og veta allslag. So kom han på det og, at han vilde sjå korleis det gjekk for seg når hullone flytte in på stølen, kor dei såg ut og bar seg og allting soleis.
Då bufåredagen kom og folk og fe for heim frå stølen gav guten seg ette og gøymde seg vel. Lenge venta han, timadne vart longe, men so høyrd' an det tassa og tusla i tunet. Og in kom fyrst ei overhendig stygg hullakvende som snusa og lokta og meinte på at her var vond mannalokt. Ettepå henne kom det in ei fager gjenta. Ja, guten hadde aldri set noke so vent, han blei ganske beteken og kløkt med ein gong han såg henne. Hu ska bli mi, sa han med seg sjøl. No visste han at hu var ei hull og enkje menneskje. Men so hugsa han at dersom ein fekk kasta stål yve ei hull, so var hu i hans makt og konne inkje gjera seg usynleg att. Guten tok so kniven sin, kasta 'an tvers yve ryggjen på hullå. Og so, ja so stod hu der og guten konne gjera med henne som han vilde.
No er du mi, sa guten.
Å Gunda mi, kva heve dei gjort med deg! ropa gamlamor og kvarv bort.
Guten tok gjenta med seg heim. Hu blei kona hans. Ei sterk og gjev slekt er komne frå dette ektepar.