Tilbake

Ut med Kynna

NORSK ORIGINAL

Ut med Kynna. Paa ein gard ute i Solør hadde dei sæter uppmed Kynna i gamle dagar, og har full enno og. Paa den sætra var det jamt rammel og skrammel etter folk hadde fare heimatt um hausten, og folk som laag der seinhaustes, saag ofte krøter ute paa vollen og. Ein haust dei skulde hematt med buskapen, og karane var der etter kløv, vart eldste sonen paa garden att og skulde stella med skigarden. Dei raadde han ifraa det dei andre, for han vilde ikkje faa vera ifred for huldra, trudde dei. Men guten let paa det ikkje var nokon faare med det, for han skulde nok berga seg, han hadde staal paa seg. Ja ha, han gav seg att. Daa han skulde leggja seg um kvelden, la han bra med tyri paa muren, so det var baade lyst og varmt. La seg so burt paa senga. Best han hadde dorma til, kom det ei ung gjente inn i bua og gjekk burt aat senga. Han tok med ein gong etter staalet til aa verja seg med, og gjorde so ein sving med armen so han kunde reisa seg. Kom der til aa gjera ein sleng med handa, so staalet kom over henne. No veit du korleis det er med slikt. Har du kome til aa ka- sta staal over ei hulder, lyt du ha henne; det er ikkje bøn for det. Gjenta gret ho, stakar, og fortalde ho laut vera hans, og han vart ståande der og kopa og kom seg ikkje noko for. Men der kom foreldra aat gjenta, og dei sa det same som ho, at no laut han ha henne, anten han daa vilde eller ikkje. Ja, guten hadde ikkje noko aa segja um det hell, for so vakker gjente hadde han alder set. Det var daa stygt aa segja nei og, tykte han, og daa han fekk høyra ho var rik attaat, so tykte han det kunde ha vore verre. Det vart daa avtala med det same kva dag dei skulde ha brullaupet, og daa skulde dei møtast ved kyrkja. So vart baade gjenta og foreldra hennar burte, og guten vart att aaleine. Um morgonen att visste han mest ikkje kva han skulde tru, um han hadde drøymt det, eller um det var sant. Det stod so livande for han, so det kunde ikkje vera berre drau- men hell. Men skulde han no tinga baade prest og klokkar og beda til brullaups, og gjenta so ikkje kom, ja daa vilde han bli til narr for heile bygda. Dette gjekk han og tenkte seg mest galen paa, til dagen kom han skulde ned att fraa sætra. Daa kom gjenta att. "Føreldra mine sa je skulde bli med deg ner i bygda", sa ho, "før døm vil full sjaa meg føreldra dine eu." Ja, naar dei skulde ha kvarandre, var det full det beste det. Ho var no so vakker, og so godt førde ho seg, so det var no inga skam aa koma heimatt med ei slik festarmøy. Gjenta vart med, og foreldra aat guten hadde ikkje noko aa segja dei, var ho berre kvitt den stygge rumpa. Det var no ikkje tur vegen aa ha med slik rikdom hell, tykte dei, for ho hadde med bod, at ætta etter deim skulde vera rik i 9 led ned- gjenom. So vart gjenta burte att. Daa brullaupsdagen kom, møtte dei ved kyrkja. Der høyrde dei det kom ei stor, lang ferd ovanetter fraa skogen, men ingen saag dei utan brura. Ho kom paa ein stor, svart hest, og so mykje gull og sylv hadde ho paa seg, so det blenkte paa lang leid. I kyrkja gjekk alt som det skulde. Sume segjer rumpa datt daa presten las velsigninga; men so er det og sume som segjer ho hadde henne all si tid. Korleis det no var med det, so vart dei no gifte, og eit svært brullaup vart det. No var det eit par bygningar paa garden; men dei brukte berre den nedste. Der var det so mykje rom so dei heldt seg der brul- laupsdagen og; men ut paa kvelden lyste det ut gjenom alle glas i den øvste bygningen, og dans og spel høyrde dei derifraa men ingen var det aa sjaa. Det var hulderfolket som heldt brullaup der, ser du. Men brura heldt seg nede med mannen sin ho. Nokre dagar etter kom heimanfylgjet hennar, krøter og he- star og gull og sylv, so du skulde alder slikt ha set. Guten hadde gjort det bra han, og det tykte han sjølv og, for ho var baade ei dugande og vitug kjerring, og snild var ho som dagen var lang til. Men hadde ho fyrst bede han um noko, vilde ho faa sitt fram, og han beinka seg etter henne og. Men ein gong bad ho han stella paa eit kuband. Ja, han skulde gjera det. Men det vart ikkje. Bandet var sundt det, og kua sleit seg og gjekk laus i fjøset gong paa gong. Ho var paa han med dette bandet fleire gonger, og han skulde kvar gong ta det, men gløymde det att. So ein dag han stod og kveste paa ein hestsko, kom ho upp i smidja med bandet. "Naa vil je du skær stelle dette bandet en gong," sa ho. "Nei naa driv je da med hesteskoen, som du ser. Je skær ta det sia," svara han. Daa vart ho morsk. Ho tok inn i avlen etter raude hest- skoen med berre handa og retta han ut til ei stong. "Vil du stelle det naa?" sa ho. Ja daa gjorde han det. Men daa vart ho i graaten: "Du skulde itte ha vøri so tver mot meg, før naa vert je styggere je, og slik lyt je vera all min dag." Og alder vart ho so vak- ker meir som ho hadde vore.
Informasjonom sagnet og kilden