Tilbake

Bytingjen mæ sjau Sògemødr

NORSK ORIGINAL

Bytingjen mæ sjau Sògemødr. Da var ei Kaana, som hade fengje eit Badn; aa nokor Tid ette di tykte ho, at Badne hade vorte so myrkt i Liten aa so uhuglegt i alt sitt Lag, at dar maatte vera noko, som inkje hade gjengje rett til; ho fekk ei Tru um, at Badne var bytt i Voggo. No vilde ho fyrst røyna, um da va so i seg sjølv, aa difyre fann ho paa dan Raadi, at ho lagad til Malt i ei Fingerbjør; aa so hengde ho paa ein stor Kjel mæ Bryggjelog aa baka upp alle dei Saa-ar aa Tunnor, som i Garen fanst. Dette Staakje varde i tvo-tri Dagar, aa alt detta saag Guten, som laag i Voggo. Daa spurde han kor stort Brugg dei hade, elder kor maange Tunnor dei hade melt. "Her ser du da," sa' Kaano, aa tok fram Finger- bjøri, som Malte var i. "Haa, haa," sa Guten; "no heve eg fare sjau Kungerikje igjenom aa sogje sjau Sogemør ihel; men aldri heve eg set so stort Staak fyre so lite Brygg." Daa var da godt aa høyra, at da var ein Byting. Dei segje da og, at Kjerringji fekk han um-atte bytt; men kva Raad bo brukte, veit eg inkje.
Informasjonom sagnet og kilden