Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Under Masstusletta ved Hamarnes (Beiarn) har dei vore ute for ein utbor. Det same har vore tilfellet på Haugmoen. Det var ein liten, naken barnsunge som for og vasa rundt kring ein stein og ropa: "Fikkjonga! Fikkjonga!" Han fraus på føt'n, og bad um fotklea. Dessutan søkte han på etter dåp, denne òg. Og det fekk han då sluttpå. Det var ein mann nedanfrå dalen som kom reisande fram- um der. So hadde denne utboren tedd seg for han. Mannen visste kva som skulde til; men so fekk han ikkje forstand på kva slag dette var, antan det var glunt eller vekje. Men under det han gav ungen dåpen, sa han: "E døyp de på ei von, Guri hell Jon." Og attpå dette skal det ha vore stilt der ved Haugmoen.
Informasjonom sagnet og kilden