Tilbake

Utburden i Herøyvika

NORSK ORIGINAL

Utburden i Herøyvika. I Herøyvika attmed Korsnes er det ein noko storvoren dam som dei kallar Mylndammen. Det skal eingong ha stått ei mylna nedanfor nedpå berget. Der i Mylndammen spøkte det ofte i gamle dagar. Dei såg smågutar som gjekk kring dammen, og folk som fór framum høyrde born som gret inni skogen. Seint ein kveld kom det ei kona gåande frå Tysnes til Kors- nes. Då ho kom til Mylndammen, høyrde ho det same forunder- lege barnemælet som så mange fyrr ho hadde høyrt. Det sangla og gret så sårt. Ho lydde ei stund; men så skyna ho kva det var. Då sa ho høgt og tydeleg, så ho tykte det ljoda i skogen: "Eg døyper deg på von anten Sigrid eller Jon i namnet åt Gudfader, Gud son og Gud den Helligånd." Idet ho hadde sagt orda, vart det stilt - og sidan har ingen merka meir til skrymtet i Mylndammen.
Informasjonom sagnet og kilden