Tilbake

Utburden

NORSK ORIGINAL

Utburden. Naar ei gjente drep barnet sitt og grev det ned ein sta'n so det ikkje kjem i kristen jord, fær det ikkje fred, men roper etter mor si, helst um haustkveldane etter sola har gaatt ned. Det er utburden. I Trøllhølet, sunnanmed Bergesjøen, høyrde dei gamalt attende eit barn gukku paa mor si um kveldane. "Aa gukku mor!" Aa gukku du!" let det so saart kvar kveld. Det var mange som høyrde detta; men kom dei der um dagen, var det ingen ting aa sjaa, og um kveldane var det ingen som torde vaaga seg dit, og det kunde full ikkje vera noko rart. Det er mange som ikkje vil gaa der no etter det har vorte myrkt. Dette Trøllhølet ligg som ei gryte i svarte skogen med berget mest ende ned paa eine sida; paa den andre sida er det tjukk granskog, og tett, lubben lauvskog i botnen med ulende og djupe lokar. Gjætarar som kom der med buskapen, skunda seg helst ut att, for leid det paa kveldsida, kunde dei raaka til aa høyra utburden. So var det ein kveld han gamle Per Brenn sat og aat kveldvorden, det kom inn att ei gjente: "Naa skrik ongen borti Trøllhølet!" "Det er synd paa dænna ongen som ingen vil hjelpe," sa han. Sette so paa seg lua og gjekk dit. Der skulde han ha gjeve barnet namn og faatt vita aakken var mor hans. Daa fekk ungen fred, for sidan har ingen høyrt han. Folk spurde nok etter aakken var mor aat barnet; men det vilde han Per alder fortelja.
Informasjonom sagnet og kilden