Tilbake

Ungen som gret ved Grindesteine

NORSK ORIGINAL

Ungen som gret ved Grindesteine. Ved Grindesteine, som var på merket mellom Skogstad-Øydgarde og Brekke-eigne, skulde det i gamle dagar ofte ha gråte ein unge. Det var fleire som hadde høyrt han. So var det ein som høyrde nokre tala um dette. Då sa han: "Denne ungin græte førdi han inkji æ kristna. Men hadde e høyrt han, e, so skulle e ha døyft 'n." Ei tid etter laga det seg so at denne same mannen gjekk um Grindestein'n. Då fekk han høyre same gråten som dei hine hadde lagt mark på. Då døypte han ungen på G og sa: "E døype de, G, i namne åt Faren, Sonen og Den Helligånd!" Då han hadde sega dette, høyrde han det ropte greitt og tydeleg: "Guds løn! Guds løn!" Han kunde ikkje seia fulle namnet, for han kunde ikkje vita anten ungen var gut eller gjente. Sidan den dagen var det ingen som høyrde ungegråt ved Grindesteine meir.
Informasjonom sagnet og kilden