Tilbake

Utbolen på Bjønnåsen

NORSK ORIGINAL

Utbolen på Bjønnåsen På Bjønnåsen var det eit skrømt som helt til for slik ein hundre år sidan. Det var noko som dreiv på og skreik i mørkninga kveld etter kveld. Det ropa so høgt, at det høyrdest heilt over høgda og ned i andre dalføret. Det var ein utbol som heldt til der. Mikkel Arntså og Anders Isakså for sidstpå avstad og døypte det. Dei gav det navnet Brynål Brynålså. Då kom det burt og det høyrdest inga roping meir. Når ein skulde døypa ein utbol, so laut ein gjeva honom eit nanm, som svara til både til gut og gjente. Og det gjorde Brynål. Det namnet kan både gutar og gjenter bera.
Informasjonom sagnet og kilden