Tilbake

Frels meg du!

NORSK ORIGINAL

Frels meg du! Punderud'n var på fuglleik og låg ved varmen og kvilte og åt. Så fekk han høyre slik ståk og leven borti skogen av hun- der som hadde los og jaga. Best det var kom eit kvinnfolk settende mot han og ropte: Frels meg du! Frels meg du! - Men han kom seg ikkje til å svara eller gjæra noen tingen; det kom så brått på han. Da fór ho videre og inn i skogen att. Da fysst så han at ho hadde rumpe. Om ei lita stund kom bikkjene. De tok att ferda med ein gong, og losen gikk bortgjennom skogen. Så small det. Og ikke lenge etter kom to karer bærande med huldra på ei stong. Beina og arma var ihopbundne over stonga. Huguet og rumpa hang ned. Håret flaksa laust, og blodet rann frå huguet. Hunda gjekk under og sleikte blodet. Snart var alt ihop borte i skogen.
Informasjonom sagnet og kilden