Tilbake

Husveg-huldrerne

NORSK ORIGINAL

Husveg-huldrerne Ein gong ein jolaftan fyr lang tid sidan var Haa-presten ute og ferdest. Det vart seint fyr honom og fælt myrkt, so han laut taka med av haugarne. Han kom ridande attved Husveg, og best som det var fekk han sjaa noko som lyste so storleg framfyre. Daa han kom nærre inn-aat, fekk han sjaa ein kjempe- haug som hadde lyft seg upp paa stolpar, og under haugen glima det av ljos og urde og krudde av huldrefolk som heldt paa aa syngja og spela og dansa. Daa presten kom burt-aat, ropte han til huldrerne: "Kva er det de er glade fyre? Kva kann dei dømde andarne gleda seg etter i joli?" Daa ramla haugen ihop med ein gong, og det vart ei skriking og jamring so det var fælt aa høyra. So reid presten sin veg; men daa han var komen eit stykke fram, kom han til aa trega paa det som han hadde sagt. Han snudde øyken og reid attende til haugen, og daa sa han: "I namnet aat Jesus skal kvart kne bøygja seg, deira som er i himmelen og paa jordi og under jordi, og kvar tunga skal sanna at Jesus Kristus er herre til Gud Faders æra." Daa han hadde sagt dette, lyfte haugen seg upp att, og dei tok til aa syngja paa nytt lag, og spela og dansa, so det hadde god skikk.
Informasjonom sagnet og kilden