Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Eingong var der ei budeia i Steindalen som heitte Gyrid. Ein dag hadde ho lagt seg ned og skulde kvila, og då vakna ho av at einkvan ropte høgt "Gyrid". Ho gjekk ut og skulde sjå kven det var. Ho trudde det var heimefolk. Men ho såg ingen, og gjekk so innatt i selet og la seg. Men straks ropa det att. Ho ut og for rundt selet og såg etter. Men inkje levande kunde ho sjå, korkje kriste eller heide. So sette ho seg med spøtet sitt i seldøri, og tykte dette var noko "radt behendaleg". Men so ropte det tridje gongen, og det so skilleg at det var ikkje råd å taka i miss lenger. Ho sprang ovanum selbøen, og burt på ein liten haug. Der låg stuten hans Gamle-Lasse ålveltes med beini i veret millom tvo steinar. Ho Gyrid laut baska ei heil stund fyrr ho fekk stuten på føtene att.
Informasjonom sagnet og kilden