Tilbake

Svartedauden

NORSK ORIGINAL

Svartedauden. Etter Svartedauden var det att berre tvo born på Berge, ein gut og ei gjenta. So var det ein som fann dei frå ei onnor bygd. Han spurde gjenta kva mori hadde sagt til henne fyrr ho døydde. Gjenta svara: "Ho kadla meg vetlarjupao si." Dei brukte å segja ofte her i bygdi: "Me æ no ao rjupeslekt, me." Ei onnor segn: Etter Svartedauden skulde det leva att 3 menneske i Fjærland, eit i Mundal, eit på Skarestad og eit på Berge. Det skulde liggja is på fjorden, og so vilde han som var att på Berge gå over til Mundal på sjøisen, men han bleiv. Han (eller ho) som var att i Mundal, gjekk innetter Strondi til "Fjorden" ("Inni Fjorden" kallar dei den delen av bygdi som ligg innum enden av fjorden), og råka ikkje noko levande menneske fyrr han kom til Skarestad. Ei onnor segn: Etter Svartedauden var det att berre ein gjentunge på Hamarsnes. Ho var so liti, at ho visste ikkje namnet sitt. Då folk kom til garden, og dei so spurde kva ho heitte, so svara ho: "Ho mor kadla meg rjupao si". Dei hadde det ordtaket um folk som kjende slekti si langt attende: Han reknar seg til rjupeslekti, han.
Informasjonom sagnet og kilden