Tilbake

Kari Rud-låtten eller Kjørstad-drepen

NORSK ORIGINAL

Kari Rud-låtten eller Kjørstad-drepen. Det var ein gong ei gjente som var meisterdansar. Ho sa seg god til å utarme alle karar med dans. Dette vilde no sume prøve henne i då. Når ein hadde dansa med henne til han var lei, skulde ein annen ta ho att og danse med henne til han og vart lei. Soleis for ho frå kar til kar. Då alle karane gav seg, dansa ho åleine på golvet og skulde som vise at ho hadde vunne over dei, slik som ho hadde sagt. Men so kom det inn i dansarhuset ein framandkar. Han baud seg til å danse med gjenta. Men no vilde ikkje spelemannen spela lenger. Han hadde vel spelt til han var lei, han med. So måtte framandkaren tralle og syngje låtten sjølv då soleis: "Hei, Kari Rud! E ska de snu, so lengi du står på føto di, du, mæ blomute trøye, blomute skjørt, blomute tørrkle utapå snørt!" Men so datt gjenta daud på golvet. Med det same smatt framandkaren ut att. Då dei såg han i døri, hadde han heste- føta. Denne låtten vart sidan ein slag gjævlått. Han vart soleis spelt på Kjørstad oppi Aurdal i den dansen då det fæle dråpet var der. Det har du nok høyrt gjete. Sidan har denne låtten også heitt Kjørstad-drepen.
Informasjonom sagnet og kilden