Tilbake

Nirid Sønnstveiten og finneguten

NORSK ORIGINAL

Nirid Sønnstveiten og finneguten. Nirid Sønnstveiten, bror til gamle Anne Golid, var skippar. Ei gong laag han med skuta si heilt nedmed Kinalande. Det var med honom ein finnegut, og han kunde litt meir enn andre. Ein dag segjer Nirid: "Ja Gud veit, hoss folkji mine heime lever naa, eg hev vore borte mest ett aar, aa daa eg reste, ha kje kjerringji mi lengje att, te 'o skulle ligge i baanseng, ingjen ting hev eg høyrt heim- ante, se eg reste, aa dæ æ vaalont, om ho lever hell æ dø." "Gjev du meg fem pottur brennvin, skal eg paa tvo timar heim aa lydast til folki dine," sa finneguten. "Haa haa!" sa Nirid; "dæ let seg nok ikkje gjera fe deg aa finne heimen min, saa langt onda, som den æ naa; men du veit eg gjev deg gladeleg baade fem og ti pottur brennvin, der- som du kan greie dæ." "Jau," sa guten, "seg meg ein ting, som du hev gode kjenne- merkje paa, so skal eg taka det med meg attende." Nirid nemnde honom ei sylvskeid, som tussane hadde aatt, og som hadde fylgt garden i aarhundra, mann etter mann, og som kvar eigar hadde rita namnemerke sitt paa; den skulde guten taka med seg. So rita finneguten ein rund ring paa dekke, sette seg paa ein stol midt inni, og ingin maatte koma innanfyre strike førr um tvo timar. Um eit bil somna finnen av, og daa kom der fljugande ein svart fugl, som sette seg paa oksli hans og gav seg til aa hakke og pila paa noko skum i munnviki paa guten. Detta varde eit bil, so flaug fuglen att. Tvo timar etterpaa kom 'n att med noko i nebbe. Daa vakna guten au, og hadde ei gamall sylvskeid i handi, som han gav Nirid og spurde, um han kjende ho. Nirid vart reint forstird og kjende att sylvskeidi med same. "Ja, no kan eg segja deg, hoss folki dine heime liver," sa guten. "Kona di hev ein stor og fager gut, og friske er dei baae tvo. Far din saag eg stod paa kne attmed hoggestabben og hoggi ved. Mor di sat uppmed ei liti stogu og tvinna traad paa ein tein eller ei stikke; ho saag ut til vera noko klenhelsa og sutsam." Nirid merkte seg dagen. Daa han langt um lengi kom heim, so spurde han, um dei hadde merkt noko den dagen. Jau det hadde komi ein fæl smell og dur, dei tenkte husi hadde ramla ned den kvelden. Og det raraste var at den gamle tusseskeidi hadde komi radt burt daa og ikkje vori aa funne sea. Daa tok Nirid skeidi upp or lumma, og fortalde det som hadde hendt.
Informasjonom sagnet og kilden