Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53100. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53100
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53100. ML category: ml3070 (Fanden i danselaget). Informant: Ole Andersen Storvik. Collector: Anton Røstad. Place: Finnmark. County: Finnmark. Year: 1920. Archive signature: NFS Anton Røstad 3, s. 5. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53100 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53100/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Den tida verket gjekk i Kåfjord var det ei gjente der som var so fæl til å dansa. Det var ingen dans der ho ikkje var med, og det var dans ofte den tida.
Ein kveld hadde dei dansa so lenge. Då ho skulde heim og var komi eit stykke frå dansehuset, kom han "Tykje sjøl", tok ho um livet og det bar upp i lufta med baae to. Han tok vegen mot eit stup og vilde kasta henne utfor der og slå henne i hel. Men same gjenta var ogso sers god til å lese Gudsord. Ho kunde mykje Gudsord og las fadervoret framanfrå og attanfrå. Og ho las slik at han måtte sleppa henne fyrr han kom til stupet.
Ho dansa ikkje meir etter den dagen.