Tilbake
Sitering
Kort referanse
Ei Segn. Norske sagn, ID 53462. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53462
Utvidet referanse
Ei Segn. Norske sagn, ID 53462. ML category: ml5050 (Håp om salighet). Collector: Moltke Moe. Place: Mandalskanten. County: Vest-Agder. Archive signature: NFS Moltke Moe 101, s.14f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53462 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53462/
Ei Segn
NORSK ORIGINAL
Ei Segn.
Paa Holheims (: Holme) Prestegard er der ein Haug, som dei kalla Rundhaugen. Dei kallar honnom au Knefallshaugen fyre det, at det er ei gomol Segn, at Folki i den hedenske Tidi offra de til Gudarne sine der. I den Haugen er no inkje alt rektig som paa andre Stader. Fyr i Tidi, saag dei myket rart der. Soleides gjekk ein Mann derforbi mørke Kvellen. Daa saag han, at der brann Ljos der, aa Haugen var det fagraste Slot, og det stod paa fjore Guldstolpar. Han haurde, at dei spelte og song og vare glae, aa bilimillom ropte dei: "Me haabe! me haabe!" Daa Mannen hadde haurt paa dei eit Bil ropte han: "Dyk tar inkje haabe, der er kje Haab fyre dyk!" Samstundes bleiv der myrkt i Haugen, aa i Staen fyre den gla'e Songen , graat aa jamra dei seg fyre det at Mannen hadde sagt, at der inkje var nokot fyre dei, aa haaba.
Mannen strauk inn til Presten aa fortelte korleides tilgjenget var; han sae au, at han hadde mistrøistat dei, som i Haugen vare. Presten sae: "Slikt maa du aller gjera. No skal du skunda deg aa ganga hen aa segja dei, at dei heve Ret til aa haabe, aa at Vona skal trøiste aa frelsa dei".
So gjekk Mannen til Haugen aa ropte til dei dei Ordi, som Presten hadde sagt. Daa bleiv der Gleda i Haugen att; Dei kveikte Ljos aa spelte aa song glade Songer um Vona si den lange, myrke Not.