Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Den tida verket gjekk i Kåfjord var det ei gjente der som var so fæl til å dansa. Det var ingen dans der ho ikkje var med, og det var dans ofte den tida. Ein kveld hadde dei dansa so lenge. Då ho skulde heim og var komi eit stykke frå dansehuset, kom han "Tykje sjøl", tok ho um livet og det bar upp i lufta med baae to. Han tok vegen mot eit stup og vilde kasta henne utfor der og slå henne i hel. Men same gjenta var ogso sers god til å lese Gudsord. Ho kunde mykje Gudsord og las fadervoret framandfrå og attanfrå. Og ho las slik at han måtte sleppa henne fyrr han kom til stupet. Ho dansa ikkje meir etter den dagen.
Informasjonom sagnet og kilden