Tilbake

Korleis røldølane vart kvitt ormeplåga

NORSK ORIGINAL

Korleis røldølane vart kvitt ormeplåga I gamle dagar var ein svært plåga av orm i Røldal. Ingjen i dalen viste noko råd mot ormen, men alle vilde gjerne verta kvitt 'an, om råd var. Kom der framande folk til bygdar, spurde folk dei om dei kunne noko for orm. Men lengje varte det før nokon vilde våga skinne sitt, sjøl om dei konne både mana og taura. Dei svara ratt nei. Men so hende det ein gong det kom ein ferdamann austanfrå til Seim i Kyrkjebygda. Seimfolka klaga nauda ogso for han og spurde om han visste noko råd for ormaplåga. Jau, det var nok ikkje fritt for det, drog framandkaren so med. Men det var so mykje fåre og vandskar med å gjera noko i slike høve, at han for sin del ikkje vilde ha noko med det. Då folkje på garden fekk vismun om at mannen kunna, om han vilde, trengde dei litt etter kvart so hardt inn på han at han tilslutt lova å freista, dersom der ikkje fanst lindorm i Røldal. - Nei, lindorm fanst 'kje, det nokon visste av. Om det var sikkert og visst? Jau, alle forsikra dyrt at der korkje fanst lind eller lindorm i heile bygda. Jau, so vilde mannen prøva. Mykje folk samlas og alle var høgst forvetne. Det bar op på Steimsberget. Her laga dei til to steinar soleis at ormemanaren kunde stå med ein fot på kvar stein. So drog dei saman i mengd med brendsel bakom steinane. So steig mannen op på steinane og tok til å mana. Og best det var byrja ormane å kreka fram frå alle kantar. Og millom steinane måtte dei, og so lika lukst på varmen bakom mannen. Det auka på med orm, det vart ei fæl skrei, det rann som ein hard straum heile dagen. Mannen arbeida so sveitten sila og rann av han. Etter kvart minka ormaskreia. Bålet hadde teke dei. Og so kom dei siste da det leid mot kveld. Då kom det ei forfælande buring frå nuten vestanfor. Det var lindormen som vart uroa. Aa, Gud hjelpe meg, no kjem lindormen, og då er eg fortapt! jamra manaren og vilde sturta seg i vatnet. Men lindormen var over han, før han fekk flutta seg, ringla seg om mannen, og so, - jau, so sturta dei båe i det djupe Røldalsvatne. Og bleiv der. Vatsspruten stod mest jamhøg med nutane, då dei kjæmpa seg imillom i vatnet. Men til slutt vart dei burte, båe to.
Informasjonom sagnet og kilden