Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Vonde-Lavrans livde i seinste luten av det 18de hundradaare og budde paa Meaas i Selgjord. [ ] Ein dag er Lavrans nede i Meaasdalen, daa bli 'n vare ein tussegut som krek og krabbar uppyvi til løda med eit einaste konnaks paa ryggen, og han stunde og teva liksom det var so gruveleg tung byrd han hadde. «Hot æ dæ du pustar aa pæsar saa fe daa?» ropa Lavrans; «du hev naa kje saa tong byri!» «Skaa eg bera saa mykji ifraa deg som eg hev bore te deg, saa skaa du a bli vare at byri æ tong nok!» svara tussen, og so snudde han med byrdi og tok yvi til grannegarden, Bakken. Daa Lavrans stirde etter 'n, so fekk 'n fysst sjaa at det var ei uryggjeleg stor konnbyrd tussen slæpa paa. Førr hadde tussen bore fraa Bakken baade fôr og mat, so der var berre naud og armod. Men no drog han fraa Meaas til Bakken att, so der vart stor vælstand; men paa Meaas vilde ingin ting lukkas etter denna tid, Lavrans fekk ein udaude, og folki hans gjekk det ut med.
Informasjonom sagnet og kilden