Tilbake

Tussane paa Vreim.

NORSK ORIGINAL

Tussane paa Vreim. Anund Smellupp heitte ein bøhering, som traska nokon kvar stad i Telemark, og pusla og smida knivsblad og navrar og sovore; han var slik meistar til faa kvast eggje-jønn. Anund tala so tidt um tussane og hadde so mange undarlege sogur um dei. So var det ei haustnott, han laag i lødo paa Vreim i Bø. Daa kom det inn ein tussegut og lesste i ei knabbe høysbyrd paa laaven, fetla seg for ho og la avstad att. Men ute paa laavebrui møter han ein annan tusse, som kjem fra grannegarden dragsande med ei høysbyrd, som han etlar seg inn i løda paa Vreim med. Men der kan du tru vart basketak. Eitrande sinna var dei baae, og gauv ihop som vonde hanar og slost, so høye gauv som ei skodd yvi laavebrui og langt burtyvi tune. Det var kje handevending førr baae byrdane var fluste, so det ikkje fannst liknels att av dei. Daa faura tussane til kvar sin kant og var kje meir aa sjaa. "Men hær, hær ska sjaa ut mæ høy borover heile tone i maargo, tenkte eg mæ sjavemeg," sa Anund. Men um morgonen fanst det ikkje eit høystraa aa sjaa, korkje paa laavebrui eller i tune.
Informasjonom sagnet og kilden