Tilbake

Guro Halsteinstad

NORSK ORIGINAL

Guro Halsteinstad. Det er bestefar min som har fortalt meg dette. Det var ei trollkjering som heitte Guro Halsteinstad. Ho var av same folket som Sigrid Ofigstad på Trette. Sigrid hadde ei dotter som Guro gjerne ville skulle ta over trollskapen etter seg. For ho tok til å bli gamal nå, og ho kunne ikkje slutte før ho fekk han over på nokon annan. Gjenta kom da til Halsteinstad og var der ei stund. Så var det ein gong, det var vel ved julleite, at Guro tok gjenta med seg til Blåkolla. Og dei hadde ikkje anna å ri på enn ein soplime. På limen var det eit horn med noko smurning i. Så tok Guro hornet og smurde på limen, og av garde bar det. Da dei hadde fare eit stykke, kom dei til eit sauhus. Der gjekk Guro inn og tok ein vedde. Og så smurde ho på han av hornet og fekk gjenta til å setja seg på vedden, med, og i veg bar det att. Så kom dei til ei kyrkje. Der vart det atter stans, for Guro gjekk inn og fekk laus ei flis av dør'n. Dette gjorde ho slik at gjenta ikkje skulle sjå kva ho for med, og flisa gøymde ho i klæ'om sine. Endeleg kom dei fram til Blåkolla og helsa på Styggen. Dei vart godt mottekne der, fekk lutfisk og lefse og andre gode saker. Så der tykte gjenta det var godt å vera. Men så kom Styggen og tok og snudde hugu på gjenten slik at ho ikkje skulle sjå kva som gjekk for seg der. Etterpå tok han og skar i vetlfinger'n hennar så ho blødde, og da kom ho Guro fram med flis'n ho hadde gøymt, og heldt under så det kom blod på ho. Etterpå pakka ho flisa godt inn att og gøymde ho som før. Så skulle dei på heimvegen att. Da dei var så langt komne som til Ensbyfossen, tok ho Guro fram flisa og kasta ho i fossen og sa: "Mi sjel skal ikkje koma til Him- merike før denna flisa kjem att åt kyrkjedør'n."
Informasjonom sagnet og kilden