Tilbake
Sitering
Kort referanse
Gullkista i Havdan. Norske sagn, ID 54088. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54088
Utvidet referanse
Gullkista i Havdan. Norske sagn, ID 54088. ML category: ml8010 (Skattegraving). Collector: Jens Haukdal. Place: Gauldalen. County: Sør-Trøndelag. Archive signature: NFL 87, s. 86f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54088 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54088/
Gullkista i Havdan
NORSK ORIGINAL
Gullkista i Havdan.
I Havdan i Soknedal står det ei kiste med gull nedgravi. Havdan er eit fjell i Strinde krins. Det ligg attmed sætervegen, og det er gravi og leita mykje etter denne skatten. Ein kan sjå merke etter skattegravarane mange stader i høgda, men det er ikkje gjort noko funn.
Denne skatten blir kalla "Stor-Solmesskatten". To mann grov etter han ei jonsoknatt. Dei kom ned på kista i midnattsleite.
- Jau, no ska det bi, sa ein av karane. Og det kan henda at det vart. Med det same hørte dei ein dunder frå inne i jorda ein stad, og med det same var det som jorda opna seg. Gullkista sokk ende ned. Dermed var det slutt med heile skatten. Vis-Knut er spurd og han har sagt at kista står der framleies.