Tilbake
Sitering
Kort referanse
Ormen i Eikisdalen. Norske sagn, ID 53184. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53184
Utvidet referanse
Ormen i Eikisdalen. Norske sagn, ID 53184. ML category: ml3060 (Ormemaneren). Informant: Guri Finnset, 83 år. Collector: Olav Rekdal. Place: Nesset (Eikesdalen). County: Møre og Romsdal. Year: 1923. Archive signature: NFL 30, s. 128. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53184 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53184/
Ormen i Eikisdalen
NORSK ORIGINAL
Ormen i Eikisdalen
Det skulde vere gruseleg fullt med orm i Eikisdalen før.
Det er truleg au, slik som her det er med urd og skog og
rett ormelende, og heitt.
Men so var det på Oppigard ein konge, som heitte
Trygge, og han fekk hit ein finne som kunde gjere åt
ormen.
Dei køyrde te rettes mange lass med ved, og gjorde
opp bål oppi Kjeurda. Og so begynte finnen å mane, slik
at ormen kom rennandes frå alle kantar. Han stod med ein
kjepp og vippa ormen innpå bålet etter kvart so'n kom.
Men te slutt kom det ein orm som var so groveleg
stor, som ein timberstokk, og han tok finnen med seg på
bålet.
Sidan skal her ikkje leve orm i Eikisdalsmarka so len-
ge slekta hans Trygge sit på Oppigard. - Men der er
mykje tå 'nå so snart du kjem utfor Eikisdalsgrensen.