Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53790. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53790
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53790. ML category: ml6055 (Huldreku). Informant: Elias Dyrland. Collector: Svale Solheim. Place: Karmøy. County: Rogaland. Archive signature: NFS Svale Solheim 1, s. 17f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53790 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53790/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Me hadde ei taus som trudde so fast på hull og troll. Ein haustkveld kom ho andpusten inn frå fjoset: "Koss kann det ha seg at det ropar: byta byta! i fjoset kvar kveld eg let att dørå?" "Det er ikkje noko fårlegt", sa han far, "det er berre hullå som vil byta ku. Berre gå du nedatt i fjoset og rop inn: byt, byt!" sa han. –
Morgonen etter var den kleinaste og magraste kui burte, og på båsen hennar stod ei stor, feit, branditte ku. Og slik som ho mjelka, og slik ei god mjelk då! Folk visste godt at me hadde hullekyr på Dyrland, og når det kom nokon og bad um å få kjøpa sur mjelk, bar dei ofte fram målemnet på denne måten: "Kann eg få kjøpa ein amber sur mjelk; men det må vera av den tjukke, gode surmjelki". Det var mjelk av den store, branditte hullekui, dei meinte. Ho skulde vera so overlag helsesam den mjelki. –
Det var klokt å halda seg til vens med hullå, for ho gav då alltid mykje meir enn det ho fekk.