Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Det var så umogleg med orm på baksi'un ved Kvannåi på Lesja. Det var ikkje til å fara der, korkje for folk eller kryter. Detta laut dei sjå til å få ei rå' med, og så sette dei ut at den som ville ta på seg og rydja ut ormen, skulle bli godt lønt for det. Men lenge såg det ut som det ikkje var nokon som ville våge seg i veg med å kvitte dei for dessa plågun. Da kom det ein framandkar åt bygd'n. Han fekk høyre om tilbo'et, og sa seg god for å gjera åt for ormen. Så tinga dei med honom å reinske for orm der, og dei vart samde om det han skulle ha. Så fekk han dei med seg til å draga i hop ein uhorve- leg stor haug med eine og lyng og kvist. Etterpå bad han dei koma seg langt der i frå. Og så sette han varme på denna dungen som var dregi i hop, og kraup sjøl opp i det største treet som sto der. Da han hadde sett seg godt til rettes, tok han til å mane, og da var det ikkje lenge før ormen kom drivande. Frå alle kantar kom han, krupande, rullande, sprettande, og på varmen bar det, så det lukta steikt orm-ister lang veg. Han dreiv på og mana så lenge det røyvde seg noko der, og så kraup han ned og gjekk sin veg. Han fekk løni si, og sia har ingen set orm der.
Informasjonom sagnet og kilden