Tilbake
Sitering
Kort referanse
Tempeltao. Norske sagn, ID 54124. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54124
Utvidet referanse
Tempeltao. Norske sagn, ID 54124. ML category: ml7065 (Kirkebyggeren (Finnsagnet)). Collector: Nils Magerøy. Place: Ålvundeid. County: Møre og Romsdal. Archive signature: NFL 52, s. 83. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54124 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54124/
Tempeltao
NORSK ORIGINAL
Tempeltao
Det va ein gong ein prest som va upprådd fer ei kjirkje. So kom det ein jøtull åt 'no. "E ska byggje de kjirkje," sa han. "Men da vil e ha sol og måne te betaling." "Kva hite du?" sa presten. "Det vil e ikkje seigje de," svara jøtullen. "Fer da kunne du gjera ulykke pao me." Det va no bao ilt og det kleigja. Men endin vart at jøtullen fekk lavna pao sol og måne. Og so tok han te å byggje.
Men da presten fekk tenkje se um, tok 'en te å angr pao at han ha lava burt sol og måne. Og verre vart det med heno dagjen kvar. Siste dagjen fyrell kjirkjo skulle betalast, va han so uti di at han for berre og dreiv att og fram uti skogja. Best de va, so kjente han jorda skjolv. Det va jøtull-kjerringja som vogga bane sitt. Og va no vel det ei stor ferlegdele steinvogge da, veit e. Presten stansa og lydde. Jau, der haure han ho song. Det let på lag som ein toreslått:
"Husjt, husjt , tigja i still!
Rettno kjem han Tempeltao
med sol og måne
åt båne."
Da gjikk presten ned åt kjirkjon. Der vart 'n standand nedpao kjirkjegarda og sjao pao jøtullen, kor han streva med å få-pao tornspire. Med di somo han va ferdau, ropa presten:
"Du mao vare de no, Tempeltao, so du ikkje dett ned!"
Og der gjikk det gele med ein gong! Han Tempeltao ørte i hauda, so han ramla ned 'tu torna og slo se ihel. Og alla di merran i bygden fanst, ha arbeid i manga vøku med å kjøre gor 'tå kjirkjegarda.