Tilbake

Lindorm

NORSK ORIGINAL

Lindorm Det var ei tid at det var so trysjande fullt med orm i Fjærland, og folk var so leid av han og all uhugnaden med han. So kom det ein finn til bygdi, og han meinte på det at han skulde greida å mana ormen på elden. "Dersom her er lindorm", sa han, "so torer eg ikkje, for då ryk eg sjølv". Folk sa at dei var støde på at her ikkje fanst lindorm. So vart det gjort den avtalen med finnen at det aldri meir skulde koma orm innum Kjerringa-elvi på austsida av fjorden og Svalaonao (Sval-åi) på vestsida, og finnen skulde få god løn er so han greidde dette. So gjorde han upp ein stor eld og tok til å mana ormen, og det kom kraulande frå alle kantar med orm; på elden bar det med dei, og der dauda dei. Då det leid til at han var mest ferdig, høyrde dei ein stygg smell uppe i fjellet. Ut kom ein lindorm or fjellet og ned mot elden. Finnen sprang tre gonger gjenom elden, og ormen rann etter. Tredje gongen kom mannen igjenom, men ormen ikkje. Dei døydde begge tvo. Sidan den tid har det ikkje funnest orm innum dei tvo elvane.
Informasjonom sagnet og kilden