Tilbake
Sitering
Kort referanse
Rauberghola. Norske sagn, ID 53178. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53178
Utvidet referanse
Rauberghola. Norske sagn, ID 53178. ML category: ml3060 (Ormemaneren). Collector: Lars Os. Place: Aurland. County: Sogn og Fjordane. Archive signature: NFS Lars Os 1, s. 73ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53178 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53178/
Rauberghola
NORSK ORIGINAL
Rauberghola
Tett innum Underdal er eit rundt hol i fjellet som dei kallar Raudberghola. Um
ho er det ei gamal segn.
I gamle dagar var det so fælt med orm i Underdal. So kom ein gong ein
framand kar åt bygdi, og han baud seg til å øyda desse fæle dyri. Men då måtte
han vera viss um at der ikkje beid kvitorm imillom dei. Gamle folk i bygdi påsto at dei ikkje hadde sett kvitorm i manns minne. For god løn
skulde no den framande karen rydja burt ormane.
Han bar i hop eit stort bål attmed sjøstrandi, kveikte i og mana ormane
til briselden. Dei kom i tusenvis, ja i flokk og fylgje både frå Underdal,
Nærøya og Uppheim. Dei rende på elden og vart brende. Men på slutten kom
kvitormen og. Då sa mannen at no vart det slutt med han; for når kvitormen kom
kunde kje lindormen heller vera langt unda. Ei stond etter løsna eit
fjellstykkje i Rauberget ovanfor briselden. Det fauk midtfjords med ein gong og
likna eit brennevinsanker i storleik og skapelon. Men ut or holet kom straks
etter lindormen veltande. Han fauk beint på mannen. Mannen bykste på sjøen for å
berge seg, men lindormen henta han att, og la han på bålet i lag med seg sjøl.
Frå den tid kom ormen vekk der i bygdene. Men holet etter lindormen står
enno den dag i dag i Rauberget, og det er visst både smalt og langt. For dei
slepte ein gong ein hund inn, og han kom ikkje utatt før i Johnsteinsura på
Voss; men då fanst der ikkje hår att på kroppen hans. Han hadde skrabba dei av
seg i det smale holet må vita.