Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Ei tid var det so stygt med orm uppi Letjennberget, so dei var mest uppraadde med aa gjæta der um sumaren. Daa var det ein gut fraa Blikkberget, som spurde mannen paa Økset kva han skulde faa um han reinska berget for orm. No aatte Øksetmannen ein plass der i Blikkberget, og den plassen skulde guten faa, um han var god for aa gjera det. Blikkberget lydde under Elvrom den gongen. Ja guten fann ut ei lita slette uppi berget, og bad deim køyra dit ned. Der laga han eit digert baal, og dit vilde han mana all ormen som fanst i heile berget. Men fyrst laut dei segja fraa det ikkje fanst lindorm, for daa var det ute med livet hans. Nei, so langt attende nokon kunde minnest hadde dei ikkje høyrt um lindorm der. So sette han eld paa baalet. Kleiv so upp i eit digert tre og gav seg til aa mana. "Kjem naa berre di store fyrst, saa er det ingen fare; men kjem den smaa, er det ute med meg," sa han. Og det bar nok ikkje betre til. Der kom den eine haugen etter den andre. Fyrst smaaorm, og sidan større og større, og upp i varmen bar det med deim alle. Rett som det var tok det paa aa dura uppe i berget. "Aa Gu' bære meg!" sa guten, "det vart full lindorm her like vel da!" Ikkje fyrr hadde han sagt det fyrr det kom ein diger orm, sette mot treet og lyfte hovudet mot guten, men naadde berre dei nedste greinene. So laut han paa varmen. Straks etter kom ein større og kasta seg mot treet; men han naadde hell ikkje upp aat guten, som hadde klive uppi toppen. Men so kom ein tridje, større enn nokon taa dei andre, kasta hovu- det heilt upp i toppen, og tok der guten med seg paa varmen. Fraa den tida har ormen vore burte der i berget. Men det raraste er, synest eg, det veks ikkje graas paa den sletta meir og ikkje legg det seg snø der um vinteren. Dette same fortel dei ellest skal ha hendt fleire stader og. I Aamot segjer dei det var paa Skilmoen guten gjorde baa- let. I Stor-Elvdal skal det same ha hendt nordanmed Kop- pang, og i Rendalen hende det attmed Storsjøen.
Informasjonom sagnet og kilden