Tilbake

Jordmor åt Huldra

NORSK ORIGINAL

Jordmor åt Huldra På Gjelsten var der ei sylvkanne som hadde vore på garden og i slekta i uminnelege tider, like til 1816, då ho gjekk til Norges Bank som sylvskatt. Men segna om kor- leis sylvkanna frå først av kom på garden, har vore fortalt på Gjelsten heilt til det siste. -- Ein kveld kona på Gjelsten gjekk og stellte i fjøsom, kom det ein huldermann inn åt ho og forlangte at ho skul- de bli med han og sjå til kona hans - ho lå i barselsnød og kunde ikkje bli forløyst. Gjelstenkona sa som det var til at ho ikkje forstod seg på slikt, at ho ikkje vilde innlate seg på det. Men hulderkallen var påstendig, og ho laut til slutt bli med han. Han bad ho halde seg godt fast i aksla hans, og so bar det avste. Men kvar dei for visste kona ik- kje. Ho visste ikkje tå førenn ho blei ført inn i ei rome- leg stove. Og der låg hulderkona i senga. Gjelstenkona syntest ho gjorde den hjelpa som treng- dest, og hulderkona blei forløyst med eit pent barn. Gjel- stenkona let seg merke med at barnet var overlag vakkert. "Nei - sei ho mora - de he ikkje fått rette smorningja si ændå". Og so gav ho Gjelstenkona eit stort horn, som der var noko svart væske ti. Og med di skulde ho smørje barnet. Men all stad der denne smurninga kom på, blei barnet all- deles svart. No bad Gjelstenkona huldermannen fylgje seg heim igjen, og det var gjort i ei handevending, slik at ho ikkje visste ordet tå førenn han sette ho frå seg på løkloppa hei- me. "I he ikkje nåkkå å betale de mæ no - sa han, mannen - Men de ska nok ikkje bli tågløymt" Næste søndagsmorgonen, då Gjelstenkona kom ut på lø- kloppa, stod der ei svær sylvkanne, som huldermannen hadde lagt der åt 'na, for at ho skulde ha den til løn for hjelpa.
Informasjonom sagnet og kilden