Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Det var på ein gard på Snarum. Der var husmannskjæringa nedpå jordet og skar. Med ho stod i åkeren om dagen, kom det ei padde og la sei i veigen for ho. Denna padda valtra og valtra der kjæringa skulde gå. Ho tok og preka ho unda fleire gongar. Til slutt hadde ho sagt det til padda: "Nå kann du gå, så skal je vera nærkona di når du kjem i barseng." Padda valtra ågarde. Det vara ei lang tid. Så ein dag kom det ein mann heim til plassen til kjæringa og vilde ha ho med sei. Men nei, kjæringa vilde ikkje. Jau, ho skulde vera med, for kjæringa hans skulde ha barn. "Nei," svara kjæringa, "je har ingen snakka med om slikt." "Men hugsar du ikkje det da," sa mann, "da du stod nedpå garden her og skar?" Så hugsa kjæringa padda, og lovas til å følgje. Ho kunna nå ikkje anna, når ho hadde lovd det. "Men nå er det langt å gå skal vi nedom brua," sa ho. Døm måtte over Snarumselva. "Vi få va' elva," sa han. Da døm kom til elva, tok han kjæringa på ryggen og la til å va'. Da døm kom midt uti elva, vart ho redd, og han sa det med slikt grovt mål: "Han er stor Snarumsbekken nå." Så la han att-til å va'. Døm kom vel til lands, og hadde et stykkje å gå. Om ei stund kom døm til ei lita stugu. Der var det barsels- nød. Kjæringa tok imot ungen og stella den, og det gikk godt. Men så vilde ho som låg ha noko mat, og bad nærkona å finne til noko. Men det var ikkje mat der, og heller ikkje anna mjøl enn noko grovt som det ikkje gikk an å eta. Da ho ikkje fant mjøl som var etande, sa ho det til mann: "Du får reise heim til oss og ta noko mjøl tor byggmjøl- hølken." Han tok et spann og drog. Han var borte ei stund. Da han kom att, hadde han ikkje noko mjøl. "Men har du ikkje mjøl?" sa kjæringa. "Nei, du hadde kørsa og krikla over," sa 'n, "var det så je skulde hatt mjøl med mei, måtte je ti'i heile hølken." "Du får ta gveitemjøl tor den vesle hølken," sa ho. Han skar ågarde att. Denna venda kom han att med mjøl. Ho koka mat og stella kjæringa, og alt var så vel. Nå tenkte kjæringa å reise om kvelden. Men det fekk ho ikkje løv til. Det var så seint. Ho skulde vente til om mårån. Om mårån ho skal reise, sier han det mannen: "Je har ikkje anna å betale dei med, men du skal få den beste kua je eig og har. - Nå får du sjå dei vel føre. Je vil dei ikkje noko vondt, men med det samma du kjem ut med kua, må du kaste dei til høgre sida, for da kastar je et gloande jarn etter dei. Og når du kjem til grinda, må du au kaste dei til sida, og da må du vera heit, for da skyt vi." Ho slapp vel gjennom døra og grinda. Kua ho hadde fått, var ei god ku. Ho trivdest godt på husmannsplassen. Men tussefolka merka døm aldri meir til der.
Informasjonom sagnet og kilden