Tilbake
Sitering
Kort referanse
Gridhamars-kjerringi er nerkøne åt dei underjordiske. Norske sagn, ID 53206. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53206
Utvidet referanse
Gridhamars-kjerringi er nerkøne åt dei underjordiske. Norske sagn, ID 53206. ML category: ml5070 (Jordmor hos de underjordiske). Informant: Anne Torsteinsdotter Hermundstad. Collector: Knut Hermundstad. Place: Vang. County: Oppland. Archive signature: NFL 36, s. 20f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53206 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53206/
Gridhamars-kjerringi er nerkøne åt dei underjordiske
NORSK ORIGINAL
Gridhamars-kjerringi er nerkøne åt dei underjordiske.
No skal du få høyre ei skilleg god haugafolk-regle eg er
komi på!
Det var ein gong ei haugafolk-kjerring på Gridhamar som
skulde te ha småfolk. I dei dagar ho venta seg, kom ho te
kjerringi på Gridhamar og sa:
"Du vil kji vera so indele snille o vera hjå me mè e får lit'n.
Me e so lite hjølpa!" Og Gridhamars-kjerringi vart med. Det
var nok like under dørahella på Gridhamar ho hadde heimen sin.
Kjerringi vart trast klen og fekk ungen. Men då var det
kje lenge før ho høyrde det tok te rusle i grytor. Dei skulde
te koke rjomegraut, kann du vita. Snart var grauten både kokt,
stampa og reidd, so fløtet flaut. Då kjerringi som klen var,
hadde fått ein smurd bite, skulde ho som hadde vore nerkøne,
ogso smaka. Men so hadde ho høyrt at ein ikkje skulde eta
noko inne hjå dei underjordiske. Ein skulde ikkje sleppe utatt
då. Ho vilde difor ingen ting ha. Men det likte dei nok ikkje.
Dei smurde rjomegrautfløt like burti munnen hennar!
Då det leid um ei rid, og alt var godt og vel med henne
som låg i barseng, vilde Gridhamars-kjerringi heimatt. Men
dei underjordiske vilde naudleg sleppa henne frå seg. "Du ska
anti få bu unde dørahellun dine ell uti Kjellarbakka," sa dei.
Men kjerringi vilde heimatt, ho. Ho vilde kje høyre tale um
noko anna. Då spurde mannen åt henne som hadde fått liten:
"Ko ska du ha før hjølpe?"
"Å e ska kji ha noko, e. De va berre ei venetenist," svara
Gridhamars-kjerringi.
Då rak han burti handi hennar noko som likna på ein fliseneve.
Snart var ho heime hjå seg sjølv. Då kasta ho flisi som
ho meinte ho hadde fått, burt i peisen. Men um morgonen, då
ho såg burti peisen, låg det eit fint sylvbelte der. Og dette ska
vera på Gridhamar endå. Denne regla fortalde ho "gomo Øye".