Tilbake

Marit på Nes og huldra

NORSK ORIGINAL

Marit på Nes og huldra. Marit på Nes heldt på og skar åkeren sin; då kom det ein stor, tjukk frosk og valt framfor sigden. "Du vel vel gjern ha me te jordmor, du!" sa ho i spøk og tenkte ikkje noko meir over det heile. Men tollesmessdag same hausten kom det inn ein mann og vilde ha henne med. Ho hadde lova kona hans å vera jordmor til henne, sa han. Men Marit var ikkje noko huga på å vera med honom. Det var så tett inntil jul, sa ho, så det var uråd for henne å vera med. Å, det var ikkje farleg for den saks skyld, let mannen. Han skulde køyra henne, så ho skulde vera sikker på å koma heim igjen i god tid føre jul. Ho gav då etter og vart med ut. Der stod det hest og slede; ho sette seg upp i sleden, og det bar avstad; framandkaren køyrde. Dei køyrde ikkje langt, før dei kom til ein gard, og der tok dei inn. Det første menneske som Marit fekk sjå, var hennar eiga tenestgjenta; ho sat der og dreiv på og mol på ei handkvern. Så bar det inn til ho som låg på seng, ho som Marit om hausten hadde lova barnsenghjelp. Då barnet var kome og alt var som det skulde, vilde Marit på heimferd igjen. Ja, det skulde ho få, men først måtte ho få mat, sa sjølvefolket. Og det kunde ho no trenga óg. Men no hadde dei ikkje slik mat, at Marit vilde eta han. Så skulde mannen i huset fara etter så mykje mjøl av Marit sitt, at dei fekk laga til mat åt henne. Marit sa sjølv ifrå kvar han skulde taka. Ho hadde mjølet i ein strump. Han kom straks att utan mjøl. Han torde ikkje taka noko ut or det kjøre- let; for det var sett kors på det, sa han. Då Marit så var ferdig der, så fekk ho måta det så til, at ho fekk stukke ei nål bort i klæda åt tenestgjenta. Og då kunde ikkje dei underjordiske halda lenger på henne heller; dei hadde mist makta over henne. Ho hadde i lengre tid vore der nede kvar natt og drege handkverna til dei underjordiske. Ho hadde lote driva så på, at ho hadde vore lite før til å arbeida om dagane, slik verkte det i kroppen og armane. No kom dei att friske og ferduge både ho og Marit, husmora hennar.
Informasjonom sagnet og kilden