Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53210. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53210
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53210. ML category: ml5070 (Jordmor hos de underjordiske). Collector: Moltke Moe. Place: Sunnfjord. County: Sogn og Fjordane. Archive signature: NFS Moltke Moe 39, s. 13ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53210 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53210/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det var eingong ei kjærring som ein dag heldt seg i eldhusa og steigte på kake. Mens ho gjekk dar og arbeidde, vart ho var ei forfælande diger padde, som gjekk å rugga straks burt fyre fotom hinna. Kjærringi tok fæle af ho, fyr ho var so mykje forfælande fór af seg. Kjærringi kom seg snart atte å tok til å skratte åt detta digre beista, som gjekk å rugga soleides på seg, og ho sa fyr spøk: "Jev du inkje måtte verte forløyste før eg måtte vere jordemor åt deg", og padda vart straks burte. Jau et bel darette kom dar ein krokutt kall, og, som var so undaleg klædde hen til kjærringi, bad ho vere so snild og fylja seg, og vera jordemor åt kjærringi has, fyr ho va barnesjuk. "Eg hev aldre vore jordemor eg", sa kjærringi, "og eg fårstar meg inkje da mindste på slike ting". "Du må fylje, fyr du hev sjølv lovt da før." "Når va da?" spurde kjærringi. "Da va eingong du heldt deg i ellhusa og stegte på kake", svara kallen. Å so måtte ho fylje hannom. Hann gjekk då fyre og viste hinne vegen. So kom dei bort til ein liten berghammar. "Her er da", sa hann, å då ho såg seg ikring, stod ho inne i ei fin stove, kor da blænkte både af veggje og tak, å mitt på golva låg kjærringi has å jamra seg. "Vorherre forløise deg", sa jordemora. "Kast den store ut", sa ho so sjuke var. Å da vart inkje lengje, før alt var vel. Då ho va ferdig og vilde gå heim att, kom den same kallen so hadde henta hinne med eit fult fong, fyr hinne å sjå til var da høvelspon som hann kom med, og flidde ho. Ho vilde inkje taka imot da i fyrstningi. Men hann bad hinne, att ho inkje måtte forsmå has gåve, å so tænkte ho med seg sjov at ho kunde no taka imot da, fyr da kunde komme vel med imorgo, når ho skulde kveikje i omninn. Å so bar ho da heim og la da i gruva.
Då ho om morgenen skulde sta taka da å kveikje i omnin, såg ho inkje høvelspon, men ei sjirande fin sylvkrune, so fin att dar inkje hadde vore sit maken til ho i vænleike, å ho kom snart i bruk. Alle dei so skulde have bryllaup, å so hadde litevetta rå, måtte alle have den fine sylvkruna.
Ditta skulde hænde i Sogn; men segna gjeng i Syndfjord.