Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53228. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53228
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53228. ML category: ml5070 (Jordmor hos de underjordiske). Informant: Jensine Ferset. Collector: Knut Strompdal. Place: Vega. County: Nordland. Archive signature: NFS Knut Strompdal 7, s. 70f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53228 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53228/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
[................] Eingong var det ei anna gjenta, som vart innteke. Ho kom aldri att, men vart verande hoss dei underjordiske. Noko tid ette ho var vorten innteke kom det ein underjordisk med bud til more, at dotre var hoss dei og att ho hadde vorte banklen, no ønska ho at more vilde koma til dei og hjelpa henne. Ja, more vart ifylgje med den underjordiske og kom dit der dotre låg. Ho vart verande der til dotre hadde fått bane. Medan ho helt på å stella med banet fekk ho noko ho skulle smøre på augon til banet, av det fekk ho ved eit hende noko inn i det eine auga sitt. Sidan såg ho dei underjordiske med det auga, og dottermannen såg ho ofte. Eingong møtte ho han ho skulde gå ned til sjøen ette eit eller anna. Dottermannen kom nettopp av sjøen, og han bar ei stor feskvola med seg. "Nei, ker ha du vore, som ha fått så mykje fesk?" sa ho til honom. Men då vart den underjordiske sint. Og han gjorde seg ikkje meire føre enn han reiv ut det det eine auga på vermore, det auga ho såg dei underjordiske på. Han lika vel ikkje, at ho skulde sjå kor mykje fisk han hadde fiska, eller kva det no var, kansje vilde han i det heile ikkje, at ho skulde sjå honom. Den gongen ho var hoss dei underjordiske for å hjelpa dotre då ho var banklen, så fekk ho ein ver til betaling for arbeidet. Dotre sa, at ho skulde få gå til fjøset ilag med mannen hennar, og der skulde ho få velja seg ein av dei tre verane som var der. Ho sa og det, at ho måtte ikkje velja den, som såg ut til å vera likast. Ho vart med mannen til fjøset, og ette råde åt dotre, så tok ho den veren, som såg klenast ut. Det vart ein gild ver.