Tilbake
Sitering
Kort referanse
Underjordiske. Norske sagn, ID 53216. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53216
Utvidet referanse
Underjordiske. Norske sagn, ID 53216. ML category: ml5070 (Jordmor hos de underjordiske). Collector: Ragnvald Moe. Place: Gildeskål. County: Nordland. Archive signature: NFS Ragnvald Moe 9, s. 30. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53216 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53216/
Underjordiske
NORSK ORIGINAL
Underjordiske.
Åt eit par folk på Lekanger kom det ei natt ein framand mann.
"E lyt be de slepp kjærringa di", sa han til mannen i huset; "før e ha mi liggjann på seng; ho ska ha små, men ho kan inkj bi forløyst innan ho ha fått lagd kristen hainn på live. E ska løv de da ska inkj kom noko ont over kjærringa di", sa han.
"E ska inkj held henn frå da. Ho ska sjøl få rå", svara mannen.
Kjerringa kledde seg og fylgde med; og dei gjekk no i eining til dei kunde vera på halvvegen til Våg. Då syntes kjerringa at landet tok til å bli so rangsnudd for henne; ho visste ikkje å få kjenning på noko. Han ho hadde havt fylgje med, hadde vore tyst heilt til dess det tok til å gang i sørr for kjerringa. Men då sa han: "E ska no lei de." Kjerringa let han få handa. Just i det same var dei komne i hus.
Jaha. Kjerringa gjorde som ho var bedd; ho la handa over livet til henne som låg. Ho fødde, og den andre vaska og plegde barnet, slik det skal gjerast. Og dentid alt var avstyrt, vart det sett fram åt henne frå Lekanger. Men då ho hadde fått fliing, sa ho: "E ha no vel inkje meir å jer her, e?"
"Nei, no ska e sei de ferdi", sa mannen. So sa han seg til å fylgja henne heim. Og dei vart no gangande i lag til dei var med stutroppa på Lekanger.
"No treng du inkj meir mi hjelp", sa mannen. "Da nytta inkj før me å je de penga før turen. Men i mårro vel du finn ei korg her på hello; å dainn maten som e i henn, kan du trygt et".
Um morgonen var det kome ei matkorg på tropphella. Det var eit slikt overhendig pent kjørel denne korga; ho var krina og skoren både på hanken og alt med seg, og dertil var ho mala.
Korga skal elles vera til enno. Ho kom seinare til Horsdal, og der skal ho finnast.
Slik har det vore fortalt, ja.